Islomen er ein stor og kraftig bygd lom. Han overlappar i storleik med gulnebblommen G. arctica. Islommen hekkar helst i Nord-Amerika, på Grønland og på Island. På Svalbard hekkar arten uregelmessig på Bjørnøya. 

Innhold

Artsbeskrivelse

Islomen er ein stor og kraftig bygd lom. Han overlappar i storleik med gulnebblommen.

  • Vekt

    2780–4480 g

  • Størrelse

    69–91 cm

  • Forventet levealder

    20 år

  • På flere språk

    Eistaucher (tysk)
    Plongeon imbrin (fransk)
    Gavia immer (latinsk)
    Great northern diver (engelsk)

Utbredelse

Islommen hekkar helst i Nord-Amerika, på Grønland og på Island. På Svalbard hekkar arten uregelmessig på Bjørnøya. Det er det austlegaste hekkeområdet som er kjent i verda. Det siste stadfesta hekkefunnet blei gjort i 2012.

Enkeltfuglar og par blir òg observerte jamleg langs vestkysten av Spitsbergen om sommaren, og det er grunn til å tru at arten òg prøver å hekke her frå tid til anna.

Økologi

Islommen plasserer reiret ved kanten av større vatn. Islommen livnærer seg hovudsakleg av fisk på opp til om lag 30 cm, men tek òg krepsdyr, ulike blautdyr, insekt og amfibium.

Islom frå Svalbard overvintrar truleg langs Norskekysten og i Nordsjøen.