Polarjoen er ein stor og kraftig jo, større enn tjuvjoen og med breiare vengjer. Polarjoen hekkar i arktiske område i Nord-Amerika og gjennom heile den nordlege delen av Sibir. Polarjoen opptrer vanlegvis i flokk under trekket, mens tjuvjoen som regel blir observert som enkeltfuglar eller i små grupper på to til fire fuglar. 

Innhold

Artsbeskrivelse

Polarjoen er ein stor og kraftig jo, større enn tjuvjoen og med breiare vengjer.

Vaksne fuglar kan kjennast igjen på den breie, klubbeforma sentrale stjertfjøra, som er forlengd og vridd i enden (ser derfor klubbeforma ut frå sida).

Akkurat som tjuvjoen finst han i to fargevariantar, ein lys og ein mørk, med fleire mellomformer.

  • På flere språk

    Spatelraubmöwe (tysk)
    Labbe pomarin (fransk)
    Stercorarius pomarinus (latin)
    Pomarine skua (engelsk)

Utbredelse

Polarjoen hekkar i arktiske område i Nord-Amerika og gjennom heile den nordlege delen av Sibir. Fuglar frå dei russiske hekkeområda passerer gjennom Barentshavet og langs Norskekysten i samband med trekket vår og haust på veg til og frå overvintringsområda utanfor Vest-Afrika.

Polarjoen hekkar ikkje på Svalbard, men han blir regelmessig observert langs kysten og i dei omkringliggjande havområda, særleg i søraust.

Økologi

Polarjoen opptrer vanlegvis i flokk under trekket, mens tjuvjoen som regel blir observert som enkeltfuglar eller i små grupper på to til fire fuglar.

Polarjoen følgjer ofte båtar eller flokkar av andre sjøfuglar, som krykkja.

Han livnærer seg på egg og ungar frå andre fuglar, smågnagarar der dei finst, og som kleptoparasitt (stel mat frå andre fuglar).