Fysisk er det liten skilnad mellom Dronning Maud Land og dei tilstøtande områda i Antarktis. Store deler er dekt av is som strekkjer seg ut i havet og dannar ein nesten samanhengande 30 meter høg vegg. Ilandsetting frå skip er berre mogleg på eit fåtal stader. Eitt til to hundre kilometer inne frå iskanten stikk ei fjellkjede opp gjennom den 2 000 meter tjukke iskappa. Tross den store avstanden til havet ligg det fleire fuglefjell i desse områda. Den antatt største sjøfuglkolonien i heile Antarktis ligg i Dronning Maud Land, nærare bestemt i Svarthamaren i Mühlig-Hoffmanfjella. I denne kolonien, nesten 200 km frå kysten, finn ein nesten ein million Antarktis-petrellar.

Føremålet med den norske annekteringa av Dronning Maud Land var ikkje å ekskludere andre statar, men å hindre at norsk kvalfangstindustri vart utelukka eller forfordelt som ei følgje av aktiviteten til andre statar. Dei fleste statar Noreg hadde diplomatiske samband med på det tidspunktet vart straks orienterte om annekteringa, og opplysingane vart tekne til orientering av dei fleste av dei. England godkjende norsk suverenitet over området, medan andre statar, inkludert USA og Sovjetunionen, uttrykte reservasjonar. Tyskland avviste det norske kravet.

Det norske kravet om suverenitet over området vart sett fram i ein periode då fleire andre land òg annekterte område i Antarktis. Storbritannia var det første landet som sette fram krav (i 1908), og landet presenterte seinare nye krav på vegne av New Zealand (i 1923) og Australia (i 1933). Storbritannia sitt eksempel vart følgt av Frankrike i 1924, av Chile i 1940 og av Argentina i 1942.