Overvintrarar på Troll

Overvintringsteamet på Troll, totalt seks personar, driv stasjonen og annan infrastruktur for forsking og KSAT frå mars til tidleg november.

Dei seks overvintrarane har kvar sine spesialfelt i botn som anten elektrikar, forskingsteknikar, kokk, lege, mekanikar eller røyrleggjar/driftsteknikar, men på Troll må dei òg trå til på ei rekkje fellesoppgåver i teamet. Vatn skal skaffast, drivstoff fyllast, og utstyr og bygg må sikrast mot vêr og vind. Dei samlar òg inn prøver for forskarar, og ein del av desse prøvene er direkte knytte opp mot klimaforsking.

Kvar haust møtest neste års overvintrarar på Troll til kurs og førebuingar i Tromsø og på Svalbard. Føremålet er å gjera seg klar til å drifta og bu i eit år på Trollstasjonen i Antarktis. I september møtes dei nye overvintrarane i Tromsø for å få innføring om Polarinstituttet og om Troll. Deretter dreg dei vidare til Svalbard på tre vekers teambygging og ulike kurs i felt og innandørs, mellom anna kurs i førstehjelp, opplæring i tryggleik og risikoførebygging, kurs i breferdsel, redningsøving og kurs i flypassdrift. I november reiser dei til Troll.

I åtte månader av opphaldet, gjennom den antarktiske vinteren frå mars til november, har overvintrarane berre kvarandre som selskap. Vêrtilhøva, kulda og lange avstandar gjer det vanskeleg å fly ut og inn frå Troll på vinterstid, og staden er derfor isolert frå omverda. Alle overvintrarane har vore gjennom ein omfattande tilsetjingsprosess før dei fekk jobben. Ei rekkje krav vert stilte til dei som skal arbeida på Troll, både med omsyn til helse og kompetanse.

I 2017 var det nesten 170 personar som søkte seg som overvintrarar.