Marint dyreliv

Sørishavet er òg rikt på blekksprut (Cephalopoda) som er ein viktig del av dietten for mange av dei større pattedyrartane og sjøfuglane.

Sel

Ein stor del av alle selane i verda lever i havområda rundt Antarktis. Bestanden av krabbeetersel åleine utgjer ca. halvparten av den samla selbestanden i verda. Til saman seks selartar finnest sør for den antarktiske konvergensen: antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella), krabbeetersel (Lobodon carcinophagus), Weddell-sel (Leptonychotes weddelli), leopardsel (Hydrurga leptonyx), sørlig elefantsel (Mirounga leonina) og Ross-sel (Ommatophoca rossi).

Hval

I sommarsesongen finst det både tannkvalar og bardekvalar i det antarktiske marine miljøet. Tannkvalane spermkval (Physeter macrocephalus) og spekkhuggar (Orcinus orca) jaktar på større byttedyr som fisk, blekksprut og mindre pattedyr. Bardekvalane finnkval (Balaenoptera physalis), vågekval (Balaenoptera acutorostrata) og knølkval (Megaptera novaeangliae) beiter hovudsakeleg på dyreplankton som dei fangar ved å filtrere vatn gjennom bardane.

Fugler

Alle dei ca. 45 fugleartane som har vorte observert hekkande sør for konvergensen er knytte til det marine økosystemet.

Berre eit par av artane hekker på sjølve kontinentet (Antarktis-halvøya halde utanfor); keisarpingvin (Aptenodytes forsteri), Adeliepingvin (Pygoscelis adeliae), Gentoopingvin (Pygoscelis papua), snø-petrell (Pagodroma nivea), antarktispetrell (Thalassoica antarctica) og sørlig polarjo (Catharacta maccormicki).

Pingvinane utgjer 85 % av biomassen til sjøfuglane i Antarktis, og Adeliepingvinen åleine utgjer halvparten av alle pingvinane.

Fisk

Det registrert om lag 200 fiskeartar sør for den antarktiske konvergensen, 80–100 av desse er botnfisk.

Mange av artane, særleg dei som lever nær kysten er særeigne for Antarktis. 75 % av artane er medlemmer i fem familiar som høyrer til i ordenen Notothenidae, men det finnest og skater (Batoidei), ålebrosme (Zoarchidae) og ringbuk (Liparidae).

Alger

Om lag 100 alge-artar (inkludert dei som lever i/på havisen) utgjer hovuddelen av planteplanktonet i havet rundt Antarktis-kontinentet. Saman med algane er flagellatane ein viktig del av næringsgrunnlaget i det marine økosystemet.

Dyreplankton

Dyreplanktonet vert dominert av krepsdyr som copepodar, amfipodar og euphasia-artar som krill.

Krill er ein nøkkelkomponent i det Antarktiske marine økosystemet – særleg viktig er arten Euphausia superba som er hovudnæringskjelda for fleire arter høgare i økosystemet.

Andre viktige byttedyr er pilormar (Chaetognata), manetar (Scyphozoa, Siphonophorida), ribbe-manetar (Ctenophora), sniglar og salper (Thaliacea). Bunnfaunaen består i hovudsak av svampar (Porifera) og mosdyr (Bryozoa).

Landbasert dyreliv

Med unnatak av sjøfuglane som hekker langs kysten eller i nunatak-område, finst det ingen virveldyr på kontinentet.

Den antarktiske mikrofaunaen består i hovudsak av protozoar (eincella organismer), nematoder, hjuldyr og bjørnedyr (Tardigradia), og mellom mikro-leddyra midd, colemboler og lopper.